Hjem Om oss Kattene Kattunger Planer Kull Utstilling Galleri Tilla Kontakt Linker Gjestebok Blogg

Hunnkatter

(N) Lisegullet's Blossom f 09 22

GSD 4 normal/ fri - (foreldra testa)

Fødd: 22.06.09

Var i grunn ikkje meining å beholde ein kattunge frå dette kullet, men av og til berre dukker det opp ein hjertekatt ein berre må ha. Eg synest ho var spesiell heilt frå ho var nyfødd og utvikla seg fint heile vegen. Ho har eit flott hode og flott fargefordeling. For ikkje å snakke om sin lille sjarmerande flekk på nasa :-) Ho er ein god blanding mellom sin mor og far. Pluss at ho har eit veldig bra temprament. Er veldig spent på denne frøkna korleis ho utvikler seg :-)) Veldig fornøgd så langt.

 

Ingen kull enda Flere Bilder Stamtavle

 

(N) Lisegullet's Celine fs 03 23/34

GSD 4 normal/ fri - (foreldra testa)

Fødd: 20.08.09

Eg er veldig svak for sølvskildpadde jenter, så når vesle Celine dukka opp  klarte eg berre ikkje selje ho. Ei meget vakker pusejente som har utvikla seg veldig bra. Eg synest ho har eit flott hode, er ei kraftig jente og ho har ein fantastisk flott farge og fargefordeling. I mine auge likner ho veldig på sin far Bazz.I tillegg er ho fødd på min kjære niese Lea Celine sin 5 års dag!!! Sidan dette var mitt C- kull måtte namnet då bli Celine. Er veldig spent på utviklingen til mi lille sølvjente!!!!

 

Ingen kull enda Flere Bilder Stamtavle

 

(N) Satyr`s Saga f 09

GSD 4 normal/ fri

Fødd: 01.08.07

Saga er min fyrste skogkatt. Når eg var liten og budde heime hjå mine foreldre, hadde me ein huskatt som heite Sonny. Ho var ein skilpadde katt og veldig spesiell på mange måter. Sonny er grunnen til at eg er spesielt svak for skilpaddekattar.
Så ein dag eg satt å kikka på nettet dukka vakre Saga opp på skjermen. Eg var solgt. Eg kontakta Eva Walter som er oppdretter og eg var sååå heldig og fekk kjøpe Saga.
Saga er verkeleg ein snill og god katt. Veldig kosete og veldig lett å bli glad i. Enno er ho litt liten, men har fått mykje bra tilbakemelding frå andre oppdrettere og dommarane på dei utstillingane eg har vert på. Lovande katt har tilbakemeldingen vert. Men fyrst og fremst er ho mi go`jente!!!!!
Tusen takk Eva for denne flotte og gode Lisamoren vår.

 

A- kullet Flere Bilder! Stamtavle

Eden av Moltemyr (N) ns 09 22

GSD 4 normal/ fri

Fødd: 19.04.08

Har lenge kikka på dei vakre sølvkattane med det flotte tabbymønsteret. Utruleg flotte kattar, og eg vart sjølvsagt frista. Hadde mange gongar vert inne på heimesida til Moltemyr å kikka på dei flotte kattane og kattungekullene. Så ein dag såg eg at ho hadde fått eit nytt kull der 2 av fire kattungar var sølvtabby jenter. Eg smelta heilt for vakre Eden med sitt sjarmerande rampe ansikt. Etter å ha kikka uendeleg mange gongar på ho, skreiv eg ein mail til Wenche. Heldigvis var ho ledig enno og eg fekk kjøpe ho. Så på veg heim frå ferien reiste me til Arendal og henta vakre Eden.
Ho var endå flottere i "live". Store flotte øyrer med fine tufser, laang fin profil og det sjarmerande ville og rampete uttrykket i ansiktet. Dei andre to kattane tok veldig godt i mot Eden og ho vart fort ein av gjengen. Eden er og ei verkeleg kosejente som maler berre ein snakker med ho. Fast plass på fanget om kvelden framfor TV.
Tusen takk Wenche for denne vakre sølvjenta:-)

 

B- kullet Flere Bilder! Stamtavle

S*Zios Luna fs 09 22

GSD 4 normal/ fri

Fødd: 08.06.08

Det var ikkje planen å kjøpe fleire kattar no, sidan eg allerede har 3 unge kattar. Men ein kveld satt eg å kikka på nettet for ein anna oppdretter etter ein kvit hunkatt med blå auge. Og sjølvsagt dukka Luna opp. Eg er jo veldig glad i skildpadder, sølvkattar og tabby mønsteret. Luna hadde jo alt og i tillegg var ho veldig flott. Etter litt smisking med min kjære sende eg Monica (oppdretter) ein mail. Luna var ikkje booket, men oppdrettar hadde tenkt å behalde ho sjølv. Men heldigvis bestemte ho seg for å selje ho til meg.
Luna er ei meget vakker sølvprinsesse!!! Fantastisk flotte fargekombinasjonar og nydeleg klassisk tabby mønster. Ei lovande ung pusejente som me er veldig stolt over. Ho er og ei veldig snill, trygg og kosete katt. Liker alt og alle, og koser seg til og med på utstilling.
Tusen takk Monica for denne flotte jenta!!!

 

C-kullet Flere Bilder! Stamtavle

Herman (huskatt)

Ho Herman

Fødd: 01.04.98

Herman er ein av 6 kattungar frå min kjære huskatt Pusil sitt fyrste kull. Herman, som viste seg å vere ein ho katt, klarte eg ikkje gje i frå meg. Mange som ville ha ho, men ho var så utruleg søt så ho fekk bli heime med sin mor.
Det tok eit år før me såg at Herman var ein ho katt, og då hadde ho allerede blitt ein Herman, så namnet har ho alltid beholdt. Herman er ein fantastisk snill katt som alle liker. Naboen vår seier at ofte når han ligg på sofaen og tar ein kvil, våkner han med Herman på magen!!! Herman er ein katt som liker seg hjå alle og sjarmerer seg inn i alle hus. Er ikkje me heime, og det er ruskevær, så besøker han berre ein av naboene.
Ein gong måtte ho få på seg eit halsbånd der eg skreiv "ikkje mat meg" på, fordi ho var alltid mett når ho kom heim, og var borte litt for lenge om gangen. Og det hjalp heldigvis. Herman har fast plass i enden av senga mi kvar natt, og er nok ein meget bortskjemt katt. Men ho fortjener det verkeleg.

 

Kull: ingen, sterilisert Flere Bilder! Ingen stamtavle