|
 |
Eg er vokst opp på ein
gard og har alltid hatt mykje dyr rundt meg. Både kattar,
sauer, oksar, kaninar og etterkvart ein hund. Har i
mange år drømt om å starte mitt eige oppdrett av katt,
anten Hellig Birma eller Norsk Skogkatt.
I min oppvekst hadde me ei veldig snill og flott
skilpadde huskatt som sikkert var ein blanding av Norsk
Skogkatt og huskatt. Sonny heitte ho og er grunnen til
at eg er så glad i skilpadde kattar og at eg derfor
valgte Norsk Skogkatt.
Min fyrste skogkatt Satyr`s Saga fekk eg i november -07,
og då var det gjort!!! Fantastisk flott og kjekk rase,
og ikkje lenge etter kom Blomsterdalen`s Hilde heim til
oss. Etterkvart håper me at det kjem søte små nøster her
til oss.
Mine skogkattar er innekattar, som berre er ute saman
med oss eller i ein liten luftegård på terrassen. Me bur
i ein firmannsbolig i eit byggefelt, men har planar om å
bygge hus på garden til min far. |